Småvilt

For skinn av rev-, mink-, mår-, grevling-, oter-, bever-, og liknande vilt:

Beredningstida er ca. 6 veker, men på grunn av liten tilgang kan det gå ca. 6 månader mellom kvart parti me tek av slike skinn.

Dersom tilgangen på sel, rev, mink, mår osv. aukar, kan me ta slike skinn i arbeid oftare. Me ser likevel på denne tenesta som eit servicetilbod til kundane våre, og er glade for at dei fleste forstår at me må samle tilstrekkeleg kvantum for å få til ei lønsam drift.

Dei fleste som sender inn reveskinn til beredning skal normalt sy noko av skinnet etterpå. Dersom du berre skal ha reveskinnet til dekorasjonsskinn, så be om at me ikkje skal ta bort innerøyrene. Øyrene heng då i tilfelle heile på, men blir relativt stive.

Av prosessårsaker blir reveskinna oppspretta langs buken, dersom me ikkje har fått tydeleg beskjed om at dei må vere runde.