Pelsen på desse skinna kan vere fin, blank og glatt, om den er felt på rett tid. Dersom dyra er i pelsskifte kan både ny og gammal pels opptre samtidig på skinnet. Det er ikkje like dekorativt. Sel-, kobbe- og havertskinn har eit gult fettlag under huda. Kjem dette fettet i kontakt med pelsen, vil pelsen bli gul. Det er viktig å få bort mest mogleg fett under flåing. Legg gjerne skinnet på ei seng med sagflis, som sug til seg fettet, under flåing og spekking. Når skinnet er tilstrekkeleg avspekka bør det vaskast i lunka vatn (25 oc) med Zalo, eller at pelsen blir vaska med for eksempel white spirit. Legg deretter skinnet på ei seng med sagflis og salt kjøttsida. Bruk ca. 10% salt i forhold til kjøttvekta. Dvs. i praksis eit dekkande lag med salt over heile kjøttsida. Heng skinnet opp eit døgn for avrenning etter 1 eller 2 veker i salt.
Brett skinnet saman langsetter, hud mot hud, slik at pelsen ikkje kjem i kontakt med fettet på kjøttsida. Rull det saman etterpå, då er skinnet klart til sending. Når slike skinn kjem til oss blir dei først merka med nr. og innført i datasystemet. Deretter blir dei lagt i ein tank med sterk saltlake til dei blir tatt i arbeid. Ca. 50 skinn må me ha i eit parti. Av og til kan det gå inntil eit halvt år før me har tilstrekkelig kvantum. Me bløyter skinna opp og maskinskjærer av resten av fettet før skinna går vidare i mange prosessar. Bl.a. skal dei gå gjennom avfettingsprosess, falsing i maskin to gonger osv. Skinna blir maskinelt behandla og me kan difor ikkje behalde luffer. Dersom du ønsker å få preparert skinnet med mule og luffer intakt, må arbeidet utførast for hand og vil koste ekstra. Skal luffene behandlast så må dei flåast godt før innlevering. Melding om dette må følgje skinnet.
Me beredar skinna maskinelt og falsar dei to gonger slik at dei er egna til dekorasjonsskinn. Dersom resultatet skal bli bra, så må skinna vere godt flådde, lite spekk igjen, ikkje flåhol, pelsen utan kontakt med spekket og tilstrekkelig salta. Ikkje alle skinn kjem til oss i slik tilstand, og det forverrar kvaliteten.
Eksempelvis: For mykje fett igjen på baksida – resultat: Saltet går ikkje nok inn til huda, det surnar (pelsen dett av) og i tillegg kan pelsen bli gul. Mykje fett betyr også meir fettlukt, samt risiko for skade i skjære og falsemaskin. Er kvaliteten dårlig må skinna kasserast. Me tek ikkje ansvar for gulning av pelsen på selskinn, men gjer det me kan for at det ikkje skal skje.
Me tek imot selskinn for beredning som eit tilbod fordi ingen andre i Norge gjer det. Ventetida er litt lang, fordi få skinn kjem inn til beredning. Dette er ein generell informasjon om behandling av sel-, kobbe- og havertskinn. Les også på våre nettsider under kapitellet «leigeberedning».