Sjå også Sendemåtar.
Etter at skinna er skikkelig avrent/opptørka, brett eller rull skinnet/skinna saman. Pakk dei godt inn i plastsekker (hugs å knyte igjen) og deretter inn i kartong (ha tau/hyssing eller solid tape rundt kartongen også). Det er VELDIG VIKTIG at det ikkje oppstår avrenning på postpakkane undervegs.
Legg lapp inni pakken/pakkane med:
- avsendarnamn
- postadresse
- epostadresse
- telefonnummer
- antall skinn
- eventuell behandlingsmåte (f.eks. farge på nappaskinn)
Det er også viktig at informasjon til oss blir lagt i ein matpose/frysepose slik at den ikkje blir tilgrisa av skinna.
Skriv tydelig namn og adresse – også avsendar – utanpå pakken/pakkane. Skriv også antall kolli utanpå kvar pakke, slik at me får behandla dei samla.
For mindre kolli inntil 35 kg er Posten/Bring billegast. Er vekta over 35 kg, kan ein sende fleire kolli. Sjå posten sine prisar her: Prisliste Posten
Større sendingar (pallar og partilass) må sendast med andre transportørar. Hugs å avtale frakt på førehand.
Send skinna til følgjande adresse:
Granberg Garveri AS
Bjoavegen 187
5582 Ølensvåg
Mob: 948 76 330
Tek du skinn frå slakteriet i retur, ønskjer me at du leverer skinna samla til slakteriet. Me har kontakt med dei fleste slakteria i landet.
Personleg innlevering kan gjerast til alle døgnets tider, sjå her.
Skinn kan også leverast til:
Kongsberg: Blå kontainer som står ved Kornsiloane til Felleskjøpet på Skrubbmoen på Kongsberg. Felleskjøpet har adresse: Skrubbmoen 9, kontaineren står like ved. Sjå foto.
Me kan også hente med lastebil i Sør-Norge. Normalt har me kjøreruter mellom anna langs E 134, R 7, E 6 i Gudbrandsdalen og R 3 Østerdalen.
Ta gjerne kontakt på tlf. nr. 95 21 78 18 om henting med lastebil.