Museum

Opningsdagen for vårt bedriftsmuseum var på «Open dag» arrangementet 10. juni 2017. Det viser historia vår frå 1951 og her finst det mange unike ting og reiskap  som er tatt vare på. Du kan følgje utviklinga i garveriet i tidsbolkar, frå oppstarten på Innbjoa til aktiviteten i Ølensvåg dei første tiåra. 

Museet har ingen faste opningstider, men det vert av og til lagt opp til nokre opningsdagar.

Ta kontakt i fabrikkutsalget om du vil innom museet.

Sjå også presseomtale om museet på Haugesunds Avis, Grannar og Medvind24.