Nye arktiske selskinn i arbeid Me har ein allsidig produksjon. I dag er det nye arktiske selskinn i arbeid ( saman med innkomne private kystselskinn). Ferdig bereda skinn går gjennom filtpresse og etterpå til spikring (tørking i spenn) i tørkerom. Neste veke blir dei stolla (strekt i maskiner), slipt på baksida og gjort heilt ferdige. Det er ein heil prosess i ca. 20 operasjonar før skinna er ferdige.