Besøk Sør-Jæren Sau- og Geit Nå går det mot eit opnare samfunn tydeligvis. Bevis på dette er at me i dag, for første gong etter 12. mars 2020, har fått bussbesøk. Det var hyggjelege og interesserte medlemmer frå Sør-Jæren Sau- og Geit som var på luftetur. Dei fekk omvisning i bedrifta, såg innom museet og besøkte fabrikkutsalget. Blide og fornøyde var både sjåføren og alle 37 passasjerane. Takk for besøket.