Vår trufaste rekneskapsførar, Anne Karin Strand, gjennom 31 år så langt, har fått Det Kongelege Selskap for Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste. Ho fekk overrekt medaljen på vårt julearrangement på Fugl Fønix Hotel i Etne sist fredag. Ordførar Ole Johan Vierdal stilte velvillig opp og overrekte medaljen med diplom.
Det er ei rekke kriterier for å få medaljen, mellom anna at ein har ei tenestetid på minst 30 år hos same arbeidsgjevar, ei uklanderleg framferd og ein viss stillingsprosent. Anne Karin var overraska og stolt over å få medaljen. Me er like stolte og glade for at bedrifta kan ha ein medarbeidar over ein så lang periode. Ho byrja med ein magnetkort computer med heile 8 toms diskettar. Den står nå utstilt på vårt bedriftsmuseum, men Anne Karin er still going strong med dagens moderne datasystem. Bedrifta var ikkje i tvil om at me måtte søke om medalje til Anne Karin. Gratulerer.