Nyleg publiserte Grannar eit lesarinnlegg av den sjølvutnemnde «nynorskfanatikaren» Iselin Eidhammer Tveit, som er lærar ved Skjold skule og busett i Vikebygd. Ho stiller spørsmål til kvifor i all verda lokale bedrifter, lag og organisasjonar brukar bokmål på heimesidene sine, i annonsar og i invitasjonar til arrangement som skal gå av stabelen.
— Eg har skriv bachelor-oppgåve om temaet, så eg er vel over gjennomsnittet interessert i dette, men eg synest det er viktig å setja fokus på dette. Eg trur folk brukar bokmål fordi det er mest praktisk, lettast og kanskje ser mest profesjonelt ut. Me får jo inn bokmål i alle kanalar, nynorsken må du meir oppsøkja. Men skal me halda på begge målformene, må me også bruka dei aktivt. Nynorsk er likast med vår eigen dialekt, det handlar om kultur og det er ein del av vår identitet. Me må ta vare på det, for språk er alltid i utvikling, seier Tveit, som har fått mange positive tilbakemelddingar på innlegget.
Ho har eit godt poeng, og med dette som bakgrunn sjekka Grannar ut 74 heilt tilfeldige heimesider frå Etne og Vindafjord, for å sjå kva for ei målform dei forskjellige bedriftene har. 24 bedrifter og organisasjonar brukar nynorsk som målform på heimesidene sine, men 7 av desse slurvar med språket og ein finn fleire bokmålsord som blir brukte i setningane. 9 av bedriftene og organisasjonane vekslar mellom nynorsk og bokmål på heimesidene sine, mens heile 41 bedrifter og organisasjonar utelukkande brukar bokmål som målform.
— Då eg las innlegget til Iselin Eidhammar Tveit blei eg veldig glad. Dette var eit flott innlegg som kan gjera folk meir bevisste. Nynorsk ligg nærast talemåten vår, og er ein viktig del av identiteten vår. Me må vera stolte av å vera nynorskbrukarar, seier Ragnhild Silde som er leiar i Etne mållag.
Nynorsk ligg nærast talemåten vår, og er ein viktig del av identiteten vår. Me må vera stolte av å vera nynorskbrukarar
Ragnhild Silde, leiar i Etne mållag.
Styrka identitet
Tre av bedriftene som har valt å bruka nynorsk målform på heimesidene sine er Granberg Garveri i Ølensvåg, Skakkelaks i Etne, og Vikedal Mur og Anlegg i Vikedal.
— For mange år sidan brukte også me bokmål, men då ein kunde frå Telemark spurde oss kvifor, blei me svar skuldig, seier Olav Granberg ved Granberg Garveri.
Han fortel at denne kunden meinte dei burde bruka nynorsk når dei heldt til i ein nynorskkommune, og Granberg var einig i dette. Dermed konverterte dei.
— Det styrkar vår identitet og me trur dei fleste forstår nynorsk, seier Granberg, og legg til at dei også brukar nynorsk på Facebook og i deira kommunikasjon med kundar og leverandørar.
Hans Ilstad ved Vikedal Mur og Anlegg seier nynorsk er heilt naturleg å bruka som skriftspråk i deira bedrift. Både på nettsidene, på Facebook, i pristilbod til kundar og på fakturaer som blir sende ut.
Roy Martin Øyjord i Skakkelaks seier det blir heilt naturleg å bruka nynorsk når dei er opptekne av lokal identitet.
— Me kjem frå ei bygd der med både lærer nynorsk og snakkar nynorsk. Lokal identitet er viktig for oss når det gjeld produkta me foredlar, då er det sjølvsagt for oss at me også brukar nynorsk, seier han.
Tilpassa kommunikasjon
Ølen kulturhus og Knudsen Dørfabrikk i Skånevik er to av bedriftene som brukar bokmål på heimesidene sine. Grannar har vore i kontakt med fleire bedrifter, men har ikkje fått kommentar frå fleire enn desse to.
— Eg har i grunnen ikkje noko god forklaring for vår bruk av bokmål, men 99 prosent av våre kundar skriv på bokmål og held til på stader i landet der dei skriv bokmål. Når ein driv med sal så er hovudprinsippet at ein må tilpassa kommunikasjonen til det som er enklast for kunden, seier dagleg leiar ved Knudsen Dørfabrikk, Roar Knudsen og legg til at dei kommuniserer både på nynorsk og bokmål med kundane sine.
Hege Anita Meland, dagleg leiar ved Ølen kulturhus seier deira bruk av bokmål på heimesidene ikkje er basert på eit bevisst val.
— Det er nok slik at personen som oppdaterer heimesida brukar den målforma som er mest naturleg, og denne fleksibiliteten i bruk av målform bør nok også igjen i interne dokument. Men om me skal halda fram med denne praksisen, eller gjera eit bevisst val i bruk av målform, kan me gjerne ta opp til drøfting, seier Meland.
Vår kulturarv
Kvifor det er så viktig å bruka nynorsk, var også eit spørsmål Hans Olav Tungesvik fekk før han døydde i 2017. Han var ein brennande målmann, og svaret hans var klinkande klart.
— Nynorsk er ein grunnleggjande del av heile vår kulturarv. Dette er uttrykk for det som levde i våre bygder, fjordar og avkrokar gjennom alle dei 400 åra med danskestyret og dansk språk. Det nynorske språket er noko som rører ved identiteten til tusenvis av menneske. Dette er viktig for både gamle og unge, og eg synest det er flott at målungdommen er så aktive som dei er. Kulturarven og identiteten er kjernen i argumenta for bruk av nynorsk.
— Me må ta vare på språket
Line Anne og Olav Granberg ved Granberg Garveri brukar nynorsk. ARKIVFOTO
Olav Granberg er dagleg leiar i Granberg Garveri, og eig ei av bedriftene i Vindafjord som bevisst brukar nynorsk. Det handlar om identitet, og om å ta vare på språket, meiner han.
- februar 2019 kl. 7:50 av Grethe Hopland Ravn
Det var ein kunde som for mange år sidan stilte spørsmål til kvifor Granberg Garveri hadde heimesider på bokmål. Dette var vendepunktet for at Granberg konverterte, og gjekk over til nynorsk.
— Det skurra fælt for meg då eg i militæret høyrte ein mann seie «Jeg er fra Sogn.» Me må ta vare på språket, for elles kan det bli viska ut, seier leiaren som til dagleg har ansvar for ei bedrift med over 40 tilsette, og årleg produserer over 80.000 skinn.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er tålmodig når det kravst og utålmodig når det kravst.
— Kva trur du er pluss og minus ved å vera bygdemenneske?
— Det er romslegare i bygda, det er større plass og eg trur dei som bur på bygda også er romslegare som menneske.
— Kva les, ser og lyttar du til?
— Eg les alt for mange aviser. Eg har samla alle Grannar frå 1984. Nå stoppar, eg for nå ligg det digitalt. Om eg får tid, les eg biografiar. Har mellom anna lest alt om president Kennedy. Elles lyttar eg gjerne til P1, P2, og nyheiter. Prøver å få med meg nyheitene, og elles det som skjer.
— Kva gjer du på fritida?
— Eg driv med veteranbil. Det har eg halde på med sidan 1974. Eg driv ein god del med foto, og starta med det i 1968. Berre frå år 2.000 og fram til i dag, trur eg at eg har rundt 18.000 bilete. På fritida likar eg også å bruka tid på familien min.
— Kva gler deg og kva irriterer deg?
— Nå er det familien min og barnebarna i sær, som gler meg mest. Eg trur me skal irritera oss mindre og heller gleda oss meir.
— Korleis oppdaterer du deg om det som skjer i samfunnet?
— Eg er ikkje på Facebook. Men eg oppdaterer meg på nyheiter og nett, og ikkje minst så reiser eg ein del. Eg køyrer jo trailer, så eg ser jo saker og ting når eg er ute og reiser.
— Dersom du hadde politisk makt, kva ville du kjempa for?
— Då ville eg kjempa for meir diplomati og forståing folkegrupper i mellom. Kennedy sa ein gong at våpen åleine ikkje avgjer ein krig. Det var gode ord. Han spela på diplomatiet, og då ordna det seg.
— Kva er du mest engsteleg for i verda?
— Det er vel krig og terror
— Kven ser du mest opp til?
— Kong Harald. I tillegg ser eg opp til alle som gjer eit frivillig arbeid.
— Kva gjer du når du skal unna deg noko ekstra?
— Då reiser me til Sørlandet. Anne Line er frå Sørlandet, og der har me eit sommarhus frå 1880, som eg har jobba på sidan me blei gift. Der er me så ofte me kan, og seinast i jula feira me der med både barn, svigerbarn og barnebarn. Dette er vår plass, der me jobbar med andre ting og slappar av.