Tørka reinskinn (ikkje bereda/garva) Så var september reinslakta av tamrein over for i år. Me har også dette året tatt av ein god del reinskinn til tørking. Dvs. dei er kjølt ned, transportert hit, vaska, fett/kjøtt på baksida er fjerna og skinna er spikra opp i tørkerom og tørka i fleire dagar.Dette er eit skinn til utebruk. Viss ein i tillegg malar det på baksida med benarolje eller kokt linolje, så vil det trekke mindre fuktighet og vare lenger. Skinna er av både kalv og simle/bukk.