"Småsømkurs" 11 kreative damer møtte opp til kurs i småsøm i helga. Ruth Johansen var kursleiar og dei produserte mange flotte produkt som vottar, tøflar, puter. Neste kurs er planlagt til 5.-7. juni. Då vil me lage ein to-skinnfell. Er du interessert i å delta, så send ein e-post til fabrikkutsalg@granberggarveri.no. Me er opne for forslag til andre typar kurs, for eksempel lærarbeid, bokbinding, lage knivslirer, trommer m.m. Er det nokon som kan vera kursleiar i slike ting, så send gjerne ein e-post til oss.