Selskinn I dag tar me i arbeid selskinn, frå Arktis og frå norsk kystsel. Det er private innsendte kystsel som går gjennom falsesmaskina. Maskina tar effektivt bort fettet. Operatøren er erfaren og har god kunnskap om maskinbruken. Etterpå går skinna gjennom mange prosessar med avfetting, vasking, pickling, garving, ny falsing før tørking og ferdiggjering. I slutten av april får dei som har sendt inn skinn dei tilbake. Sjå film.