Renseanlegg

Renseanlegget vårt er frå 1992 og begynner å bli utdatert. Auka produksjon og nye utsleppskrav gjer at me måtte finne nye løysingar. Det har me jobba med i fleire år i samarbeid med konsulent, leverandørar og Miljødirektoratet.

I mai i fjor hadde me løysinga klar innan tidsfrist frå Miljødirektoratet og starta prosessen med prosjektering, byggesøknader og utforming. Først i november var alle byggeløyve gitt og utgraving av tomta starta.

Denne veka blei 1. etasje av kummar for råvatn og rensa vatn støypt. Renseanlegget, som blir levert av Mivanor AS skal stå innebygd på toppen. Det er eit fellingsanlegg kor avfallet blir tatt ut med magnetitt. Det er ca. 20 anlegg av denne type i drift i landet.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer