Leigeberedning av saueskinn

Me merker at fleire nå etterlyser sau/lammeskinna sine frå sesongen 2018/19. Det er forståeleg.
Ikkje alle har fått med seg informasjon om at mengda skinn inn til oss har auka for kvart år dei siste åra. Auken var på ca. 3.000 skinn berre i denne sesongen. Me strevar så godt me kan for å få alle skinn gjennom produksjonsapparatet så snart det er praktisk mulig med vår kapasitet. I gjennomsnitt tek me i arbeid ca. 1.200 skinn i veka og kvart skinn går gjennom ca. 25 prosessar som tek 4-5 veker. På vår nettside er det ein film som viser heile prosessen.

Me har og har hatt full produksjon heile året utan stans, sjølv i sommar  med 24 sommarvikarar var det full kapasitetsutnytting, men med stadig aukande mengder vil det bli ventetid. Pr 02. september 2019 har me tatt i arbeid parti nr 87 av 113 parti. Parti nr 76 er klar for utsending. Prognosen tilseier at me får alle skinn i arbeid i løpet av oktober og utsendt i løpet av november/byrjinga av desember. Dette er dei faktiske forhold.

Me takkar for at fleire og fleire sender inn eller ber slakteria sende oss meir og meir saueskinn. Det gir sysselsetting til over 40 årsverk hos oss. Me har dobla kapasiteten dei siste 6 år. Likevel har mengda skinn auka meir enn kapasiteten er blitt utvida med. Dette er grunnen til at det tek si tid å ferdigstille alle skinn og det ber me om forståing for.

Arkiv

10 års jubileum for Fabrikkutsalget
10 års jubileum for Fabrikkutsalget Les mer
Pakkar sendt frå oss.
Pakkar sendt frå oss. Les mer
Knivslirer
Knivslirer Les mer
Spalt
Spalt Les mer