Pakken på bildene er eit skrekkeksempel. Posten har hatt den oppi ein plastsekk til slutt, fordi emballasjen er gått i oppløysing. Viss ikkje hadde emballasje og innhald skilt lag undervegs. Årsaka var fordi skinna inni var altfor våte og for mykje vått salt/lake sendt med. Det var 3 skinn i kvar sin gule plastsekk, men dei sekkene var ikkje knytt igjen. Etterpå var dei lagt i ein søppelsekk som var lekk. Av dette vart det lekkasje av saltlake, som øydela pappkartongen. Rundt tunge pakkar er det også nødvendig å surre tau/hyssing eller solid tape.
Dette er viktig informasjon til alle som sender inn skinn til oss.