Ny valke Til beredning og garving av skinn av rein, hjort, elg, storfe og liknande brukar me valker. No blei ei valke som har vore i drift i nesten 40 år utsliten. Me har i dei siste tider fått inn ei ny valke (kjøpt brukt frå nedlagte Aarenes Lærfabrikk i Flekkefjord). Den er no på plass og i full drift. Våre flinke mekanikarar har vist sin ingeniørkunst med å demontere den gamle valka og fått i drift den nye.