Mottak av skinn Mottak av skinn til beredning og salg til oss stoppar ikkje. I dag kom eit vogntog med over 50 pallar skinn etter ein rundtur i Trøndelag og Nord-Vestlandet. 2 – 3 personar jobbar fulltid med innregistrering, merking, resalting og lagring av alle skinn. Etterpå tar me i arbeid over 1.000 sau- og lammeskinn i veka. Prosessen tar ca. 4 veker, men det er ventetid før alt kan komme i arbeid. I neste veke går for eksempel privat parti nr. 20 med saueskinn i arbeid. Det partiet var innregistrert 25. oktober. Slik det ser ut nå har me full sysselsetting med alle skinn til hausten og kanskje vel så det.