Leigeberedning av sau-, lam-, geit og kjeskinn Leigeberedning av sau/lam/geit/kje har auka med ca. 20 % for kvart år dei siste åra. Her merkar Marius og Mikael sesongens siste skinn. I fjor var det 90 private parti med sau/lam og nå er 104 parti passert, dvs. over 33.000 saueskinn + nokre tusen geit/kje. Ca. halvparten av partia er nå utsendte eller i arbeid. Resten blir ferdig i den rekkefølgje dei er registrert (merka med nr. og innført på data). Etter at me frå 1. juni i år auka kapasiteten, gjer me ferdig opptil ca. 1.300 skinn i veka. Me håpar at alle private sau-/lameskinn som er registrert pr. i dag kan bli ferdig før jul 2017. Det er mange som sender skinn til oss og det er me glade for. Me ber om forståing for at med slike auka mengder blir det ventetid før alt er tilbakelevert.