Geit-, kje-, kaninskinn informasjon Me må ha ei viss menge skinn for å ta i arbeid eit parti, mellom 1.000 og 1.800 av slike skinn, avhengig av størrelsen. Dette partiet, som me sender ut nå, blei tatt i arbeid den 1. september (kvite skinn) og 2. september (skinn med naturfarge). Skinna har stått litt på lager etter våtprosessar og tørking, men no i sist veke begynte me å gjera dei ferdige (stolling, rensing i flis, sliping, trimming, tromling, karding av enkelte, sortering etter nummer, klassifisering, fakturering, pakking og sending). Det er ein omfattande prosess, men nå er dei på veg til produsentane som har sendt inn skinn.