Bondemarknad i Ølen Det var kjekt å få komme på marknad igjen. Det var tydeleg at publikum ønskte det same, etter frammøte å dømma. Flott ver og blide folk. Me har i over eit år restaurert ein lastebil (Opel Blitz 1958 mod), lik den Garveriet hadde i bruk i 1966-68. Bilen blei ferdig på fredag ettermiddag og på laurdag var den vår marknadsstand i Ølen. Mange hadde interesse av å sjå ein slik bil, sidan det var mange slike bilar i distriktet på den tida. Bilen passa godt til formålet som «torgbil». Takk til alle som handla hos oss.