Nytt skuleår og nye unge medarbeidarar Hos oss er det mange ulike oppgåver som må utførast gjennom ein arbeidsdag. Nokre av disse passar godt for unge under 18 år. Det er for eksempel manuelle oppgåver med å fukte og legge skinn i kassar. Me er glad for at mange ungdomsskuleelevar er villige til å ha ein liten ettermiddagsjobb etter skuletida. Arbeidsvillig ungdom er viktig for oss, for dei sjølve og for samfunnet. Arbeidslivet er viktig å læra å kjenna tidleg. Me ønskjer velkommen eit nytt team som allereie er i full gang. Sara, Stina og Ingeborg jobba også i fjor. Nye i år er: Andrea og Tobias.