Sommarope No er det sommar og tid for ferie. Av våre 40 tilsette har denne veka 15 personar ferie, men samtidig er her 10 sommarvikarar i jobb. Frå 21. juni til midten av august gir me arbeid til 22 sommarvikarar. Det er skuleelevar, studentar andre arbeidssøkarar som hjelper oss. Dei får yrkeserfaring og me held produksjonen oppe. Det betyr at me er leveringsdyktige til våre forhandlarar (butikkar), leigeberedningskundar (dei som har sendt inn skinn), private kundar samt at me har ope fabrikkutsalget i heile sommar også lørdagar. Innlevering av skinn til beredning går også an. Me ønsker alle våre kunder og forbindelsar ein god sommar.