Nå held me på med å registrere parti nr 65. Parti til og med 28 er i arbeid og parti nr 17 er på veg ut til kundar. Rundt påsketider reknar me med å ha merka mesteparten av returskinna som står her i dag.
Me tek i arbeid opptil 1.300 saueskinn i veka og prosessen tek ca. 4 veker. Mengda av skinn, og særleg av sau og lam, har auka for kvart år. Me har utvida kapasiteten og produserte ca. 50.000 saueskinn i 2018. Me er glade for at me får inn mykje skinn, det gir stabilt arbeid for oss.
Men med mykje skinn blir det også ventetid. Skinna kjem stort sett inn i løpet av hausten, av og til over 100 pallar til dagen. Me klarer å merke ca. 5-7 pallar kvar dag og då blir resten ståande å vente i kø. Alle pallar blir ved ankomst innført i ei «kø-liste» og kvar palle blir merka med mottaksdato.
Me har prøvd å informera om mengder og ventetid på våre nettsider, Facebook og tlf./mail, men ser at ikkje alle har forstått kor mykje skinn dette dreier seg om. Me viser difor litt foto tatt i dag frå hudlageret, her merker 2 mann, og 2 mann sorterer råvarer. I andre enden av bygget sorterer og pakkar me dei ferdige skinna. Dei skinna me sender ut i dag er registrert inn 17. oktober 2018.
Framleis får me inn ein del sau-/lammeskinn som ikkje burde vore tatt ut til returskinn. Skinn med tova ull, ull med for mykje vegetabiler, urein ull (møkk/urin) samt skinn med hol og rifter må ein ikkje sende inn til beredning. Generelt kan ein og sei at sau/lam som er slakta etter jul er lite eigna til beredningsskinn.