Nye nettsider Granberg Garveri har no lansert nye nettsider med nettbutikk for forhandlarar. Dei er brukarvennlege både på mobil, iPad og liknande media. Løysinga er levert av Unimicro og spesialtilpassa vår bruk. Dei er vår samarbeidspartnar både på rekneskap, faktura, løn, ordrebehandling, kunde/vareoppfølging og dokumenthandtering. Nettsida gir nyttig informasjon om oss og våre produkt. Nettbutikken er kopla opp mot vår kunde-/varedatabase der bestillingar frå våre forhandlarar vert automatisk oppdatert. Dette gir oss mindre administrativt arbeid og forhandlarane får betre oversikt. Ta deg "ein runde" ....