Etter vareteljinga ved nyttår ser me at det flyt litt over med ein del vegetabilsk garva skinn av kidd-, kje- og geitskinn, samt restar av skinn til produksjon av skinnkalender. Skinna er vegetabilsk garva og har ein gulbrun farge frå garvestoffet. I gamle dagar vart denne garvinga kalla for barking, fordi garvestoffet kom frå bork av ulike tre.
Dette overskotslageret er nå prisa ned til «gi bort prisar». Dette er skinn til bruk i lær-sløyd arbeid, hobbyarbeid, til trommeskinn, til å lage merkelappar av, menykort og mykje anna. Privatpersonar, lag og foreiningar kan her finne skinn til aktivitetar nesten gratis.
Send oss bestilling i dag til post@granberggarveri.no. Me sender omgåande.
OBS av tekniske årsaker er prisen oppgitt eks. mva. Dvs. f.eks. 10 kr + mva = 12,50 inkl. mva.