Med ein produksjon på fleire hundre saueskinn kvar dag blir det også fleire sekker med saueskinnskapp dagleg. Det er skinnstrimler med ull som blir trimma av kantane på skinna. Desse skinnbitane kan vere utgangspunkt for både hobbyarbeid i barnehagar og liknande. Dei kan også leggast inn i vev. Ei dame for nokre år sidan brukte dette som materiale i bildevev.
Desse sekkene er gratis for alle som kan hente dei i fabrikkutsalget. Me er berre glad for om nokon kan gjere nytte av det.
Skal me sende tek me kr 75,- pr. sekk for å pakke og sende, frakt kjem i tillegg. Normal frakt på ein sekk saueskinnskapp er ca kr 400,- avhengin kor i landet den skal sendast til, men kan du hente eller får nokon til å hente er det gratis. Me kan også setje ut sekker om kvelden om nokon vil hente etter stengetid.