Eit teikn på at samfunnet normaliserer seg er at me får meir besøk. På lørdag kjem eit lag, neste veke ein full turbuss. Men i går var det ein klasse på besøk frå Lundeneset VGS, frå salg og service linja med lærar Dagfinn Våge. Me takkar for hyggeleg besøk med omvising, informasjon og filmframsyning. Me håpar elevane fann det interessant og lærte noko om produksjon, logistikk, marknadsføring og salg.