Trommeskinn Me leverer ein god del trommeskinn av mange slag. Mellom anna av elg-, rein-, hjorte-, rådyr- og geitskinn. I dag tar Ole avhåra hjorteskinn gjennom skjæremaskina. Dei skal bli til trommeskinn. Skinna går gjennom ein del prosessar etterpå. Dei blir levert i frosen tilstand til kundar som lagar trommer. Spensten blir best i frosen tilstand, men me kan også spenne skinna opp og levere dei tørre. Det passar ved eksport av skinn.