Saue og lammeskinn

Me tar opptil 1.300 skinn i arbeid i veka. Skinna blir tatt i arbeid og ferdiggjort i den rekkefølgje dei kjem inn og blir registrert i våre system.

Hugs at ein må velge ut skinn med den beste ullkvaliteten til beredning. Lam som er fødde om våren og slakta i juni/juli/august/september og midten av oktober er som regel alltid i orden. Sau og fjorlam må vere klipt ca. ½ år før slakting. Heilårsull (over seks månader grotid) er oftast for samangrodd og blir verken godt bereda eller mogeleg å karde. Slike skinn må me ofte kassere. Om ulla er god nok, kan ein lett sjekke ut på sauen. Brett ulla til side og sjå om ein ser heilt til botn. Gjer ein det, er den i orden. Men møter ein ein vegg av samantova ull, då er skinnet ueigna til beredning. For mykje vegetabiler (kvist og kvast) i ulla er ikkje bra. Me finn av og til både piggtråd, streng, tau, plaststrips og fiskekrok i ulla. Alle slike harde framandlekamar gir hol og skadar. Det same gjer samantova ull og ullklumpar.  

På pelssau utfører me spesialtromling automatisk, men kan også gjere dette på andre rasar etter ønske frå kunden. 

NB: Kvite skinn vert levert BLEIKA. Viss ein ønskjer dei ubleika, må beskjed om det følgje skinnet.

Ventetida er ca. 6 månader rekna frå den dato me har registrert (merka med nummer) skinna.