Leigeberedning

Me tek mot skinn til leigeberedning. Størstedelen kjem frå produsentar som leverer dyr til slakteriet og ønskjer at ein del av skinna skal beredast. Slakteriet sender desse (returskinna) til oss, og etter ein omfattande prosess returnerer Posten/Bring dei ferdiggarva skinna i postpakkar til produsenten. Ein god del skinn kjem også til leigeberedning frå jegerar, fangstmenn og andre privatpersonar.

Pga. ekstrem høg straumpris siste halvår samt nye høge prisar på hjelpestoff, olje m.m. og i tillegg større lønskostnader enn vanleg, må me desverre auke beredningsprisane med verknad frå 1. november 2022.
Prisauken er ca. 5 % som berre dekker litt av auka kostnad.

Aktuell informasjon om leigeberedningskinn i arbeid: 

Status saueskinn pr. 23.04.2024: 
Me sender no ut parti nr. 45, som er registrert inn i desember 2023. Parti 55 går i arbeid denne veka (veke 17). Dersom alt går som normalt framover, så vil me bli ferdige med å ta i arbeid alle registrerte, per 23.04.2024, innkomne skinn, i løpet av veke 32, og sende alt ut i løpet av september 2024. Det er ein månad tidlegare enn i fjor. Me gjer ferdig 1000 - 1300 saueskinn kvar veke.

For eksempel er følgjande andre skinnslag tatt i arbeid på desse datoar:

Partinr Type skinn I arbeid Utsendt/planlagt utsending
723 Hjort 17.01.2024 Utsendt
323 Vilt: Ulv - Rev - Jerv - Oter 13.02.2024 Utsendt
724 Hjort 20.02.2024 Utsendt
323 Vilt: Bjørn -  diverse vilt 26.02.2024 25.04.2024
323 Vilt: Isbjørn 04.03.2024 22.04.2024
806 Rein 11.03.2024 23.04.2024
152 Geit, kje kvit 12.03.2024 20.05.2024
152 Geit, kje farga 14.03.2024 20.05.2024
725 Hjort 14.03.2024 15.05.2024
726 Hjort 10.04.2024 01.06.2024
401 Sel 11.04.2024 01.06.2024
210 Huder 15.04.2024 Juli

 

Normalt tek me i arbeid leigeberedningsskinn så snart eit parti er fulltaleg og rett valkefat er ledig.
Me vil prøve å halde denne informasjonen ajour framover.  

Prisliste leigeberedning:
For å få tilsendt mail med prisliste for beredningskundar, trykk her - og fyll inn namn og telefonnummer til høgre.

Frakt og adm. kostnader:

Beredningsprisar går fram av sist oppdaterte prislister.

Utlagt frakt ved mottak av skinn til leigeberedning (returskinn) frå slakteria er i tidlegare år blitt betalt av oss, utan at me belasta produsenten. Landet vårt er langstrakt og me får skinn frå dei fleste slakteri i alle landsdelar. Sjølv med konkurransedyktige fraktavtalar er det betydelege kostnader for oss. Me såg difor, at me måtte fordele litt av dette på kvart skinn som kom inn. Me starta med kr 5,- (+ mva) pr. saueskinn for 2020 sesongen. Det dekte omtrent halve kostnaden. Alle som sender inn skinn sjølv og betaler frakta veit at kostnaden er mykje høgare. På grunn av prisauke vart fraktprisen sett til kr 6,- for 2021 sesongen og kr 8 for 2022 sesongen.

Me har heller ikkje belasta kundar med faktura- eller  administrasjonsgebyr tidlegare, men ser at det er betydeleg administrasjon som går med å merke skinn, svare på alle spørsmål, sende ut informasjon og fakturere alle skinn. Eit lite administrasjonsgebyr (kr 20 + mva) på kvar faktura vart difor innført for 2020 sesongen, auka til kr 22,- for 2021 sesongen og kr. 24 for 2022 sesongen.

Utgåande porto for postpakkar eller utgåande frakt for større sendingar blir fakturert etter gjeldande porto- eller frakttakstar. Mindre sendingar som postpakkar blir normalt sendt i postoppkrav. Oppkravsgebyret er kr 72,- + mva. Større sendingar blir sendt med Bring Cargo. Porto/returporto blir belasta på nytt om pakkar ikkje blir henta og kjem i retur.

Me har tusenvis av registrerte kundar, men prøver å legge om frå sending i postoppkrav til vanlege postpakkar. Ein del kundar blir i den forbindelse kredittvurdert.

Det ligg alltid faktura frå oss i sendinga. Finn den fram før emballasjen blir lagt bort. Det er mange som etterspør kopi av faktura når rekneskap skal førast. Det blir ekstra arbeid for oss å sende faktura på nytt, så hugs at den ligg alltid i pakken saman med skinna.

 

Bygling - Varmebehandling med roterande «strykejern»

Me har nå installert ei bygelmaskin (ironing machine). Det er ei maskin med ein roterande stor valse (oppvarma til 160 grader C). Denne valsen varmar og greier ut ulla på ein spesiell måte, slik at ulla toppar seg i små spir, får ein glattare utsjånad og får meir volum. Ulla blir også jamnare, og der det er «vattete» utsjånad blir det finare. Maskina fungerer i prinsippet som ei glattetang  som frisørar brukar.

Skinn av ein god del villsau, enkelte spæl og blandingsrasar får ein mykje betre utsjånad etter behandlinga. Maskina er nytta sidan september 2022 på ein del eigne og innsendte skinn. Me har ikkje kapasitet til å ringe rundt og spørje om det er ønskeleg å bygle innsendte skinn. Framover vil me  bygle skinn, som me trur blir sjåande betre ut etter behandlinga. Kom gjerne med tilbakemelding til oss om dette.  Det går mykje straum til denne maskina og me  belasta ikkje noko ekstra for byglinga i starten. Etter 1.1.2023 så belastar me kr 10,- pr. skinn. Foto viser skinn før og etter behandlinga, filmen viser maskina i aksjon.   

Bygling skinn 2 kvit.pngBygling skinn 1 kvit.png
                                        Før bygling                                                                                       Etter bygling

 Sjå video

Bygling film.JPG

 

Artiklar

Sendemåtar
Sendemåtar Les meir
Transport av råvarer
Transport av råvarer Les meir
Ofte stilte spørsmål
Ofte stilte spørsmål Les meir
Praktisk informasjon om behandling og innsending av skinn
Praktisk informasjon om behandling og innsending av skinn Les meir
Salting
Salting Les meir
Tørking
Tørking Les meir
Frysing
Frysing Les meir
Avhåring
Avhåring Les meir
Pakking og sending
Pakking og sending Les meir
Innlevering av skinn til beredning
Innlevering av skinn til beredning Les meir
Informasjon om vinter-/vårslakta sau-/lammeskinn
Informasjon om vinter-/vårslakta sau-/lammeskinn Les meir
Saue og lammeskinn
Saue og lammeskinn Les meir
Lama
Lama Les meir
Slakteri
Slakteri Les meir
Spesielle ønske
Spesielle ønske Les meir
Kidd-, kje- og geiteskinn
Kidd-, kje- og geiteskinn Les meir
Reinskinn
Reinskinn Les meir
Hjorte- og kukalvskinn
Hjorte- og kukalvskinn Les meir
Rådyrskinn
Rådyrskinn Les meir
Elgskinn
Elgskinn Les meir
Storfehuder
Storfehuder Les meir
Sel- kobbe- og havertskinn
Sel- kobbe- og havertskinn Les meir
Småvilt
Småvilt Les meir
Skinn frå utland
Skinn frå utland Les meir
Bygling – Varmebehandling med roterande «styrkejern»
Bygling – Varmebehandling med roterande «styrkejern» Les meir