Er du på jakt etter skinn og pelsprodukt av god kvalitet? Då bør du ta turen innom fabrikkutsalet vårt i Ølensvåg. Butikken ligg lett synleg langs hovudvegen, -enten du berre køyrer forbi, eller kjem fordi du veit kva du er ute etter.
I fabrikksalet finn du eitt oversikleg og breitt utval av skinn- og pelsprodukt til mange ulike bruksområde. I tillegg har me ofte gode tilbod på skinn, så det kan løne seg å stikke innom ved høve. Her kan du sjå, kjenne og samanlikne produkta i ro og mak – med rettleiing frå folk som kjenner skinn godt, om du ønskjer det.
Har du skinn til leigeberedning? Fabrikkutsalet er òg utleveringsstad for ferdig beredde skinn, etter avtale – enkelt og praktisk.
Med god parkering rett utanfor døra er det lett å kome inn, lett å handle – og lett å kome att.
👉 Kom innom fabrikkutsalet i Ølensvåg – me ønskjer deg velkomen innom.
Sjå produktlista her
Fabrikkutsalget sine ordinære opningstider
| Måndag - torsdag: |
10 - 16 |
| Fredag: |
10 - 17 |
| Laurdag: |
11 - 14 |
| Søndag: |
Stengt |
Stengt på helligdagar og offentlege høgtidsdagar.
Vareprøvar
Me sender vareprøvar av lær og nappaskinn dersom du vil vurdere type og farge før du bestiller. Ta kontakt så sender me.

Skjæring av reimar
Her kan me skjære reimar i den breidda du ønsker.

Henting av skinn
Dersom du har hatt skinn til leigeberedning hos oss og bur i nærleiken, då kan du hente skinna i fabrikkutsalget, dersom det er gjort avtale om det. Me sender SMS melding når skinna er klare.

Kreativ inspirasjon
Her kan du finne kreative idear om ting som du kan lage av ulike skinntypar.

Gratis saueskinnskapp
Her kan du få sekker med gratis saueskinnskapp – flott til hobby, småarbeid og kreative idéar. Les meir.
